Særs få vil vere ungdomsprest: – Ein vond spiral, som me må bryte

PRESTEMANGEL: Han kjem tett innpå kyrkjelyden sin, og får vere sjelesørgar i ein avgjerande fase av livet. Simon Wallem Dahl stortrivst som ungdomsprest, men trur splitta stillingar og for lite satsing hindrar at fleire sårt trengte kollegar kjem til.

DELTE STILLINGAR: – Mitt inntrykk er at ein del av ungdomsstillingane er litt for komplekse. Mange er delt på fleire kyrkjelydar, som etter mi meining sjeldan er ein god idé, seier Simon Wallem Dahl, ungdomsprest i Lura i Sandnes.
Publisert Sist oppdatert

– Eg pleier seie at eg har verdas beste jobb. Og det meiner eg heilt oppriktig. Den er fantastisk, seier Simon Wallem Dahl.

I fem år har han vore ungdomsprest i Lura menighet i Sandnes, og håpar å kunne bidra til at veksten ungdomsmiljøet allereie opplever held fram.

– Det er så spennande å få følge livet til ungdommane. Når dei kjem inn i åttande-niande-klasse, er dei nesten ungar. Og nokre år seinare er dei nesten vaksne. Å følge dei gjennom den tida gir mykje, fortel han.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS