Så mange har mista retten til å vera prest
YRKESFORBOD: 21 prestar har sidan år 2000 mista retten til å vera prest i Den norske kyrkja. – Tillit er avgjerande for prestar, seier ekspert på overgrep i kyrkjeleg samanheng.
SYNLEG: – Å miste kappe og krage for ein prest blir veldig synleg og offentleg, seier professor emeritus Tormod Kleiven.
Erlend Berge
I perioden 2000-2022 har 21 prestar har mista presterettane sine i Den norske kyrkja (DNK). Det viser tal henta inn frå alle bispedøma etter førespurnad frå Vårt Land.
Kyrkja fortel at dei kan delast inn i desse kategoriane:
- Åtte har meldt seg ut av DNK, og derfor mista presterettane sine. Dette kan vera personar som har meldt seg inn i andre kyrkjer, eller som ikkje lenger ynskjer å vera medlem i eit trussamfunn.
- Fem har mista presterettane ved dom.
- Åtte er av årsaker kyrkja ikkje opplyser om.