Roser anbefalingane til kyrkelyd: – Steg i rett retning
LHBT: Leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem foreslår å anerkjenne homofilt samliv. Katrine Torvik er sjølv homofil og ynskjer forslaget velkomen. Andre er kritiske.
SAMLIV: Katrine Torvik er sjølv homofil og har bakgrunn frå Misjonskirken Norge. Leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem har tilrådd å anerkjenne homofilt samliv.
Privat/Kjetil Ree CC-BY-SA-3.0
– Om dette forslaget skulle gå gjennom så tenkjer eg det er eit stort steg i rett retning, og det er absolutt på tide at det skjer noko på dette området i Misjonskirka.
Det seier Katrine Torvik om at leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem tek til orde for å «anerkjenne at eit trufast, homofilt forhold kan vera i samsvar med eit liv som Jesu disippel, og heller ikkje i seg sjølv til hinder for medlemskap eller teneste».
Torvik er sjølv homofil og har bakgrunn frå Misjonskirken Norge (MKN). Ho er også tidlegare leiar for Skeivt Kristent Nettverk i Kristiansand.