Rick Warren gjev seg etter over 40 år som pastor i Saddleback Church
USA: Den bestselgande forfattaren og pastoren Rick Warren har byrja leitinga etter ein arvtakar.
LEITAR: Warren seier han vil halde fram som hovudpastor fram til ein har funne ein arvtakar, for deretter å ha ei meir tilbaketrekt rolle i forsamlinga.
Nick Ut
Det var i samband med gudstenesta sundag, at 67 år gamle Rick Warren kunngjorde at han snart gjev seg som hovudpastor i megakyrkja Saddleback Church.
Warren seier han vil halde fram som hovudpastor fram til ein har funne ein arvtakar, for deretter å ha ei meir tilbaketrekt rolle i forsamlinga.
Rick Warren grunnla Saddleback Church, som høyrer til Southern Baptist Convention, i 1980. Kyrkja har forsamlingar på 14 stadar i California, og kvar veke er om lag 30.000 menneske på gudsteneste i kyrkja, noko som gjer kyrkja til éi av dei største i USA.
Bestill abonnement her
KJØP