Reiste heim før Kyrkjemøtet var slutt. Slik ville ho stemt

DEN NORSKE KYRKJA: Hege Bjerkestrand Midthun var ein av elleve personar med stemmerett som ikkje var til stades under saka om kyrkjeleg organisering. – Må finne ei arbeidsform som sikrar demokratiet, seier kyrkjerådsdirektøren.

Hege Bjerkestrand Midthun
ANDRE VARA: Jobben som lærar gjorde at Hege Bjerkestrand Midthun reiste heim frå Kyrkjemøtet før det var ferdig. Ho er andre vara, altså har to andre før ho meldt at dei ikkje kan delta.
Publisert Sist oppdatert

Hege Bjerkestrand Midthun var ein av kyrkjemøtemedlemmane som reiste heim før ein fatta vedtak i saka om kyrkjeleg organisering. Her blei den såkalla «kompromissmodellen», modell 3, vedtatt med knappast mogeleg fleirtal, 53 mot 52 stemmer.

– Eg reiste heim på grunn av jobb, men det var mitt eige val. Eg prioriterte det slik denne gongen, seier Midthun, som er lærar for ei fyrsteklasse.

Det at ho er andre vara, og derfor blei innkalla ganske seint gjorde det vanskelegare å vera vekke frå jobb så lenge, fortel Midthun. At det var den siste dagen ho droppa, då saka om kyrkjeleg organisering blei stemt over, seier ho er litt tilfeldig.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS