Refser Dagen for å spre udokumenterte påstander – Selbekk beklager

DAGEN-KRITIKK: Johannes Morken i Stefanusalliansen meiner Dagen bidreg til å spreie udokumenterte påstandar om kristne i Syria. Redaktør i Dagen Vebjørn Selbekk svarer på kritikken.

Oslo Symposium 2025.
– FEIL: Vebjørn Selbekk, redaktør i Dagen, seier at overskrifta i saka var feil.
Publisert Sist oppdatert

– Det er jo lett å spekulere i at ein redaksjon tenkjer at ei sak om vald i Syria blir meir lesen på nettet når ein kan fokusere på kristne. Her vart dette gjort utan dokumentasjon, utan at påstanden var sjekka og til og med etter at slike rapportar alt var avkrefta, seier Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen, til Vårt Land.

Morken kritiserer avisa Dagen i eit Facebook-innlegg, der han meiner at overskrifta dei har brukt i ein artikkel som eigentleg handlar om massakrering av minoriteten alawittar i Syria, er «grovt misvisande».

– Ikkje kristne som var offer