Reagerer på nominasjon til kristen pris: – Det er gjort ein urett i juryarbeidet

TRUSOPPLÆRING: «Tale Bustehale»-konseptet blei foreslege til trusopplæringsprisen, men gjekk ikkje vidare. No reagerer skaparen på at Døvekyrkja blei nominert for eit opplegg med fleire likskapar.

TILRETTELEGGING: Hanne Sveum Holm, her ikledd skikkelsen til ekornet Tale Bustahale, og Cathrine Solheim Amarloui vil gjera trusopplæringa forståeleg, også for barn med språklege eller kognitive vanskar.
Publisert Sist oppdatert

Onsdag 18. oktober skal ein av dei tre nominerte gå heim med trusopplæringsprisen for å «på ein særleg måte har fremma trusopplæring og kyrkjeleg undervisning».

– Det er gjort ein urett i juryarbeidet. Det verkar som dei ikkje har tatt seg bryet med å sjekke kva Tale Bustehale er, og at dei har manglande kunnskap for å vurdere opplegget vårt.

Det seier skaparen av Tale Bustehale-karakteren, Cathrine Solheim Amarloui. Ho driv eit firma som jobbar med å laga resursar for barn med språkvanskar eller barn som har norsk som andrespråk.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS