Reagerer på klimautspel frå DNK: – Er det plass til meg som høgremann i kyrkja?
KLIMA OG MILJØ: Stortingsrepresentant (H) Sveinung Stensland reagerer på oppmodinga frå Mellomkyrkjeleg råd til regjeringa om å snarast mogeleg avslutte leitinga etter olje. – Kjenner meg ikkje lenger heime i kyrkja, seier Stensland.
REAGERER: Stortingsrepresentant for Høgre, Sveinung Stensland, er usikker på om det er plass til han i Den norske kyrkja. Han reagerer på det han meiner er politiske utspel frå kyrkjesamfunnet.
Vidar Ruud
– Dei støyter frå seg politisk aktive som ikkje meiner det same som det Mellomkyrkjeleg råd gjer til ei kvar tid, seier stortingsrepresentant for Høgre, Sveinung Stensland.
Han har over tid reagert på det han kallar politiske utspel frå Den norske kyrkja (DNK). Denne gongen er det snakk om ei oppmoding til regjeringa frå komiteen for internasjonale spørsmål i Mellomkyrkjeleg råd. Rådet blir ofte skildra som utanriksdepartementet til DNK, og har ansvar for kontakten med utanlandske kyrkjer og organisasjonar.
I oppmodinga skriv dei mellom anna at dei forventar «eit taktskifte i arbeidet for utsleppskutt», og at dei ynskjer «avslutting av leiteverksemda etter olje snarast mogeleg».