Reagerer på at DNK inviterer til muslimsk iftar i kyrkja
FASTETID: Therese Egebakken meiner intensjonen er god, men at måltidet iftar ikkje høyrer heime i kyrkja. No får ho svar frå domprost.
KRITISK: Therese Egebakken er sterkt imot at Den norske kyrkje markerer iftar i sine kyrkjebygg.
Erlend Berge
Fastemånaden til muslimane, ramadan, er godt i gang, det same er den kristne fasten. I samband med dette vert det invitert til iftar, måltidet muslimane bryt fasten med, i fleire kyrkjer og tilknytta bygg rundt omkring i landet. Dette har vore gjort i fleire år. Bak initiativet står mellom anna Kirkelig Dialogsenter.
Men i eit innlegg på Facebook fyrer Therese Egebakken no laus om kva ho synest om at DNK er med på å invitere til iftar:
«Folkekirken skal peke på Jesus, påskebudskapet, vår frelser og Far i himmelen, evig liv, korset, JESUS!!!!! Invitere til det, IKKE til muslimsk fastebryting!!! Våkn opp!! Når kommer biskopene på banen? Hvor er de???? Dette er ikke greit!»