Råsterkt om skadeleg tru

Andreasprisvinnaren Korsveien er ein rystande film. Han viser korleis religiøs tru kan øydelegge eit ungt menneske.

Hovudpersonen Maria i er meisterleg spela av Lea van Acken, som ber heile filmen på dei smale skuldrene sine. Problemet er at ho tek krossen sin opp på ein måte som Jesus aldri ville ha bedd henne om, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Dersom all religiøs tru var som i filmen Korsveien, fanst det ikkje mykje håp og kjærleik i verda. Den tyske regissøren Dietrich Brüggemann er aktuell med det som må vere den mest rystande filmen på norske kinoar på mange år. Filmen vann i fjor haust Andreasprisen i Haugesund, der underteikna var juryleiar. Først no får Korsveien ordinær norsk kinopremiere, godt tima til påske. Filmen er bygd opp kring dei fjorten stasjonane på Jesu lidingsveg, Via Dolorosa. Formgrepet blir aldri stilisert, men skaper ei estetisk ro som står i stor kontrast til den uroa filmen vekker gjennom den forferdelege tematikken.

Her går ei ung jente til grunne fordi ho elskar Jesus.

Men ikkje berre derfor. Ho får i tillegg dårleg religiøs vegleiing.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP