Kven er ein Gud som du?
ANDAKT: Eg hadde frihelg og var på reise. Full av forventning oppsøkte eg kyrkja der eg var.
I uke 43 skriver Anne Marit Riste andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet
I morgon er det bots- og bønnedag. Og eg kjem til å tenkje på ein haust for lenge sidan, då eg verkeleg såg fram til denne dagen, og gjorde meg klar til denne dagen.
Eg hadde noko i livet mitt som ikkje var som det skulle, og som over tid hadde tatt stor plass i meg. Eg hadde vanskeleg for å gje slepp, men no var eg komen til eit punkt der eg kjente: No er det tid for å ta eit oppgjer og legge dette bak meg. No har dette tatt frå meg nok energi og frimot. Eg hadde frihelg og var på reise. Full av forventning oppsøkte eg kyrkja der eg var.
Presten, som eg ikkje kjente, gjekk på preikestolen. Og eg såg fram til å bli dradd inn i ein felles refleksjon rundt synd, behovet for oppgjer, at det går an å legge ting bak seg og begynne på nytt. Men det skjedde ikkje. Det første presten gjorde då ho kom opp på preikestolen var å avlyse heile bots- og bønnedag.