Prest og faddarar måtte ut i open båt i minusgrader for å koma seg til dåp

VESTLAND: Då foreldra til dåpsbarnet fekk beskjed om at alle ferjer til øya dei bur på var innstilte på dåpsdagen blei dei rimeleg stressa. Men med hjelp av ein open båt og termodressar blei dagen redda.

Foreldra Målfrid Skeie Enes og Nils Tore Skjelnes med den vesle sonen deira, Johannes Skjelnes. Dåp. Båt. Ferje. Varaldsøy.
TRANSPORTTRØBBEL: Dåpsdagen til Johannes Skjelnes blir ikkje gløymt med det fyrste. Teknisk trøbbel med ferja gjorde det vanskeleg for gjester, prest og faddarar å koma seg til Varaldsøy kyrkje. Foreldra Målfrid Skeie Enes og Nils Tore Skjelnes blei ganske stressa, men fortel at hovudpersonene sjølv stort sett var nøgd på den store dagen.
Publisert Sist oppdatert

Berre ein time ut i det nye året fekk Målfrid Skeie Enes og Nils Tore Skjelnes melding om at det var teknisk feil på ferja som går til og frå øya Varaldsøy der familien bur.

Dagen etter skulle den vesle sonen deira, Johannes Skjelnes, døypast i Varaldsøy kyrkje, som ligg i Kvinnherad kommune på Vestlandet.

Men store delar av dåpsgjestene budde på fastlandet og var avhengige av ferjesambandet for å bli med på den store dagen. Saka blei fyrst omtalt av lokalavisa Grenda.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS