Religion

Predikant Levi Jensen ignorerte Lillesand kyrkje si oppfordring – fortset med å lage «kaos»

Fredag heldt predikant Levi Jensen appellar utanfor Lillesand kyrkje. – Kan ikkje seie vi står innanfor det som gjekk føre seg, seier prost i Lillesand kyrkje Steinar Floberg.

Evangelisten Levi Jensen laga nyleg «kaos» i Tvedestrand, noko som førte til at ordføraren i Tvedestrand forsøkte å ta frå han mikrofonen.

Fredag fortsette evangelisten med sine preiker, denne gong utanfor Lillesand kyrkje, 60 km unna. På førehand hadde Jensen meldt at han skulle «kurere homofile».

Enkelte demonstrantar hadde tatt med seg regnbogeflagg for å vise sin motstand, melder Lillesandposten.

Ignorerte melding frå kyrkja

Evangelisten melde at han skulle kome klokka 14. Kyrkjeverja hadde på førehand sendt melding direkte til Levi Jensen om å ikkje bruke området til Lillesand kyrkje. Evangelisten trassa oppfordringa.

Prost Steinar Floberg fortel at mannen også denne gongen hadde med seg ei barnevogn med mikrofon og lydutstyr. Prosten fortel at kyrkjelyden gjorde Jensen klar over at han måtte søke om løyve frå soknerådet om å halde slike arrangement.

– Vi tenker at det høyrer til vanleg folkeskikk å søke om løyve, seier han.

Står ikkje bak

Når Jensen likevel fortsette med si forkynning, såg dei seg nøydde til å la det gå.

– Vi rykte ikkje inn og fungerte som politi, men gjorde han merksam på at han må søke om løyve. Det sa han at han ikkje hadde tid til, fortel Floberg.

I utgangspunktet fortel prosten at dei er positive til folk som forkynner evangeliet og at dei ønsker å ha ei open tilnærming til ulike retningar og folk innanfor kyrkjelandskapet. Hendinga fredag stiller dei seg likevel ikkje bak.

– Vi kan ikkje seie at vi står innanfor det som gjekk føre seg i dag, fortel han.

Lokalpolitikar vil ha eit etisk regelverk for utleie av kommunale bygg

Ei av dei som har reagert på Jensens forkynning, er Inger Brokka de Ruiter (SV), leiaren av helsekomiteen i Arendal bystyre. Ho er kritisk til at det kommunale Hove Drifts- og utviklingsselskap AS (HDU) gav Jensen løyve til å drive forkynning på kommunalt område i Tvedestrand.

På Facebook-profilen sin seier ho at Jensens retorikk om homofili bidreg til psykiske problem for folk som er skeive, og at preikene hans i ytste konsekvens kan føre til sjølvmord.

Ho har no føreslått at bystyret held ei ekstraordinær generalforsamling for å opprette eit etisk regelverk for utleige av kommunale bygg.

Forslaget har fått støtte frå Arendal MDG.

Det lukkast ikkje Vårt Land i å kome i kontakt med Levi Jensen.

LES MER:

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion