Pastor kalla kyrkjelyden «gjerrig» fordi dei ikkje kjøpte luksusklokke til han
USA: Amerikansk pastor kalla kyrkjelyden sin gjerrige, fattige og blakke under ei preike fordi ingen hadde kjøpt ei luksusklokke til han.
KRYP TIL KORSET: Pastor i «Church at the well», Carlton Funderburke, i sin unnskyldningsvideo, etter tordentala hans gjekk viralt på TikTok.
Skjermdump: Church at the Well
– Er eg ikkje verdt McDonalds-pengane dine?, spurte ein amerikansk pastor kyrkjelyden sin.
Bakgrunnen? Det hadde gått om lag eitt år sidan han hadde fortalt «flokken sin» at han ynskte seg ei luksusklokke av merket Movado, utan at han hadde fått den.
Han hadde til og med sagt ifrå kva butikk den gjekk an å få tak i klokka. Saka er omtalt av The Guardian.
Bestill abonnement her
KJØP