Ettertanke

Tru og tillit

ANDAKT: Heilt sidan eg blei boren til dåpen, har eg lent meg til dei veggane i livet som heiter Gud, Jesus, framtid og håp.

Noko av det mest vesentlege med å tru, er tillit. Vi er for snare med å seia, meina og hevda at tru handlar om vedkjenning og om overtyding. I sitt «Credo» skriv Erik Hillestad følgjande:

Å tro er ikke visshet, men å lene

sitt hjertes savn og lykke

mot en større favn enn vår.

Som kristen lener eg livet mitt til noko større. Av og til er trua sterk, av og til svak. Men heile tida, heilt sidan eg blei boren til dåpen, har eg lent meg til dei veggane i livet som heiter Gud, Jesus, framtid og håp. I dette rommet har eg levd, pusta og vandra. Eg kan ikkje alltid forklara kvifor eg trur, og eg er ikkje så opptatt av å finna rasjonelle grunnar (bortsett frå at eg blir oppmuntra av alle som har gått framom meg i tru). Det eg kan forklara, er at livet mitt hadde vore noko heilt anna om eg ikkje trudde.

Trua mi har det best i fellesskapet, i orda vi seier saman, i det at vi er saman og i musikken. Når eg messar litaniet i fastetida, når eit kyrkjekor set tonar til profetiane i Det gamle testamentet, når ein solist tolkar ein vakker salme eller når kyrkjelyden syng «Deilig er jorden» på julafta: Då kjenner eg at eg er i berøring med noko stort. Det går an å tru på det eg ikkje skjønar, når eg opplever dette storslåtte eller nære eller dirrande øyeblikket i livet mitt!

Å lytta etter Guds stemme kan opna nye rom

Eg veit ikkje kva Elia følte då han i dagens bibelord følgjer Guds ord om å dra til ein bekk som heiter Kerit, og får beskjed om at ramnane skulle gi han brød og kjøt og at bekken skulle gi han vatn. Men det anar meg at han vandra i tillit. Etter kvart som bekken tørkar ut, tar Elia vegen til den langt meir kjende enka i Sarepta, til mjølkrukka som aldri går tom.

Elia vandra i tillit. Kanskje fordi han måtte. I vårt bekvemme liv er det lite vi må, og nauda driv oss ganske sjeldan til å måtta seia til Gud: Kva skal eg gjera no? Kanskje har vi det for godt til å ha ordentleg bruk for Gud? Kanskje er det fort gjort å gløyma Gud? Vi tar det vi har, som sjølvsagt. Kjenn likevel etter i dag: Kva betyr det for deg å ha tillit til Gud? Kva betyr det å tru? Og er det nokon forskjell på dei to tinga? Å lytta etter Guds stemme kan opna nye rom, anten det skjer i musikken, i fellesskapet, i fuglesongen i skogen eller ved den sildrande vårbekken.

---

1. Kongebok 17,1-6

Elia frå Tisjbe, ein av innbyggjarane i Gilead, sa til Ahab: «Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei første åra skal det korkje koma dogg eller regn utan på mitt ord.» Då kom Herrens ord til Elia: «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg ved bekken Kerit, aust for Jordan! Der skal du drikka av bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat til deg.» Så gjekk han og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til bekken Kerit, aust for Jordan, og slo seg ned der. Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk av bekken.

---

Mer fra: Ettertanke