Ettertanke

Sporvar, hundar og ein religionstime?

ANDAKT: Vi lever i ei verd der vi treng å snakka om verdiar, natur opp mot økonomi, det åndelege opp mot det materielle.

Å snakka om at vi menneske er verd meir enn dyr, som Jesus gjer i dagens bibelord, kan vera ein ganske krevjande øvelse.

Då eg var religionslærar på Kristelig Gymnasium, hadde vi ein samtale i etikkundervisninga med fylgjande problemstilling: «Om huset ditt brenn ned, og du veit at hunden din er der, i tillegg til ein uteliggar du ikkje kjenner, kven ville du ha berga?» Svært mange svarte heilt sjølvsagt hunden.

Eg blei sjokkert og rysta over svara. Sidan den gong har eg skaffa meg hund, og eg kan seia at eg i litt større grad forstår mine tidlegare elevar. Eg forstår at vi blir glad i kjæledyra våre. Eg synest også det er fint at verdien av det å vera eit levande vesen, blir løfta fram, og det kan vi også som kyrkje bli endå flinkare til: Alt liv er skapt av Gud.

Men, og det er eit stort «men» her: Jesus er ganske tydeleg på at vi menneske er meir verd enn ein sporv. Og eg må kjenna etter inni meg. Er det greitt å seia det? Er eg einig med Jesus? Ja, eg er det.

Eg blei sjokkert og rysta over svara

Vi lever i ei verd der vi treng å snakka om verdiar, natur opp mot økonomi, det åndelege opp mot det materielle. Vi treng å bli minna om den samanhengen vi står i, med alt levande. Utan tvil! Men oppi dette treng vi også verkeleg å snakka om menneskeverd. Vi treng å minna kvarandre om at vi som menneske, trass alt, er i same båt, at også livet vårt fort kan snu. At den som er heldig, fort kan oppleva det motsette. Livet er skjørt.

Menneskeverdet har varierande kår i vår tid. Ein snakka også heilt sikkert annleis om menneskeverdet på Jesu tid. Eg veit ikkje kor godt dagens bibelord kling i våre øyre i det heile tatt. Kva kan vi ta med oss i dag? At vi, som menneske, er kalla til å kjempa for alt liv, og at vi aller mest er utfordra til å løfta fram menneskeverdet, fordi det skuldar vi alle våre lidande søsken. Tenker vi slik, er vi godt forankra både i skapingsteologi og evangelium, og det er ein bra plass å vera.

Det storslegne med å vera menneske er nettopp evna til ansvar for andre menneske, og for alt levande. Det er ei gåve og ei oppgåve. No skal eg gå tur med hunden. God helg!

---

Matteus 10,23-31

Men når dei forfølgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, eg seier dykk: De blir ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem. Ein lærling står ikkje over meisteren sin, og ein slave står ikkje over herren sin. Det er nok for ein lærling at han får det som meisteren, og for ein slave at han får det som herren. Har dei kalla husherren for Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre? Ver ikkje redde dei! For ingenting er dekt til som ikkje skal bli avdekt, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent. Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i lyset; det som blir kviskra dykk i øyret, skal de ropa ut frå hustaka. Ver ikkje redde dei som drep kroppen, men ikkje kan drepa sjela. Frykt heller han som kan øydeleggja både sjel og kropp i helvete. Blir ikkje to sporvar selde for ein koparmynt? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der. Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.

---

Mer fra: Ettertanke