Brennande skam i ein kald kveld
ANDAKT: Kyrkja er oss; vinglande og vaklande menneske som elskar, av og til synleg og intenst, nokon gonger berre langt inne i oss ein stad.
I uke 6 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Det er ingen av læresveinane, eller andre vi les om i bibelen for den del, som gjer så sterkt inntrykk på meg som Peter. Det trur eg er fordi han er så menneskeleg. Eg kan nesten føla at eg er i hans sko i mange ulike samanhengar, anten han er i ferd med å søkkja då han i entusiastisk tru prøver å gå Jesus i møte på vatnet, eller då han forsikra Jesus på forklarelsens berg om at «det er bra at vi er her».
Peter ser på seg sjølv som ein ressurs, og han er fullt og heilt til stades i det som skjer, med ein veldig stor kjærleik til Jesus (og ein god porsjon sjølvtillit). Og så er han liksom heilt på andre sida av skalaen i dagens bibelord. Eg kan kjenna Peters brennande skam i det han skjønar kva han har svart på spørsmålet frå tenestejenta: «Er ikkje du og ein av læresveinane til denne mannen?». Peter svarer «Nei, det er eg ikkje».
I den mørkaste kvelden i den svartaste natta då Jesus treng sine vener aller mest, då sviktar Peter. Det er eit venskapeleg lavmål, rett og slett. Eg kan nesten ikkje tru at det går an. Likevel er det noko eg kjenner igjen i meg sjølv denne skjærtorsdagskvelden. Eg kjenner igjen behovet for å beskytta meg sjølv, frykta for å bli dregen inn i noko som kan kosta noko for meg, bekvemmeligheten ved å lyga i staden for å ta støyten.
Bestill abonnement her
KJØP