Ver du eit bål
ANDAKT: Verda endrar seg, men nokon ting endrar seg ikkje: Vi er best i fellesskap
I uke 6 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Overskrifta er frå det kjende etterkrigsdiktet «Tung tids tale» av Halldis Moren Vesaas, og det handlar om kva vi kan bety for kvarandre. Avstanden er lang tilbake til profeten Jesaja som vi les om i dagens bibelord. Likevel fortel begge tekstane noko om kva vi menneske har potensial til.
«Ver du eit bål, strål varme i frå deg». Dette diktet har betydd utruleg mykje for utruleg mange. Det kom ut i etterkant av andre verdskrigen, noko som sjølvsagt gir diktet ei ekstra kraft inn i si tid. Men det spørst om ikkje dette også er ord til oss i 2025, like eins som orda frå Jesaja sjølvsagt er det.
For som regel er det noko å finna om vi ser oss tilbake. Vi finn ofte noko vi kan ha godt av, og som vi kan ta med oss inn i vår omskiftelege tid. Jesaja skulle vera eit lys for folkeslaga (litt av ei oppgåve!), og det er kanskje sko som er litt store å fylla for oss som ikkje er profetar. Då er det kanskje enklare om vi skalerer ned litt, og gjer som Vesaas oppfordrar oss til: «Ver du eit bål, strål varme i frå deg».
Bestill abonnement her
KJØP