Lovsyng Herren, alle folk!
ANDAKT: Kristus kom for oss alle. Derfor skal vi også ta imot kvarandre.
I uke 51 skriver Anne Marit Riste andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet
«Lovsyng Herren, alle folk, pris han, alle folkeslag!»
Eg kjenner meg ofte utfordra av Paulus. Det gjer eg i dag også. Eg trur han prøver å få meg til å forstå – og kanskje til og med like – at alle kristne, av alle slags bakgrunnar og kulturar, høyrer saman. At det til og med er meininga at vi skal glede oss saman og lovsynge Gud saman.
Når sant skal seiast: Eg er usikker på kor motivert eg er for akkurat det. Det er så mange kristne eg ikkje identifiserer meg med, ikkje likar, ikkje har lyst til å høyre saman med. Min umiddelbare reaksjon er at eg svarer som eit motvillig barn: Må vi? Kan vi ikkje berre drive med vårt, alle? Leike med dei vi likar og liknar på – dei vi deler kjepphestar med – og dyrke vår eigen stil og smak?
Bestill abonnement her
KJØP