Mysteriet i magen

ANDAKT: Det vesle barnet sparkar i magen hennar. Kva veit ho om barnet ho ber på?

I uke 51 skriver Anne Marit Riste andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet
Publisert Sist oppdatert

Om vi lukkar augene, kan vi kanskje sjå ei ung kvinne, med stor mage, gå barbeint over tunet heime i Nasaret, eller på støvete stiar i Galilea.

Maria veit at tida nærmar seg. Ei lang ventetid, prega av fryd og forvirring, nærmar seg slutten. «Dette er altfor stort!» Det tenkjer ho framleis. Samtidig er ho klar. Ho ventar og lengtar. Ho gledar seg og gruar seg på same tid. Forventninga og frykta bur side om side i hjartet og kroppen hennar.

Maria, ung og spinkel, men tung i kroppen no, har begynt å forberede reisa til Betlehem. Ho brettar bleier og bittesmå plagg – i tilfelle. Samlar saman det mest nødvendige. Det vesle barnet sparkar i magen hennar. Kva veit ho om barnet ho ber på? Kanskje veit ho ikkje så mykje meir ho, enn det andre kvinner veit. Noko har ho kanskje ant. Men det meste er enno i det ukjente.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP