Ettertanke

Å rydde er å lage rom

ANDAKT: Å rydde er å lage rom. Kvitte seg med gammalt rask. Gjere seg klar til å ta imot og feire det nye som er på veg.

Eg er ingen ihuga ryddar. Det løyser eg vanlegvis med å ikkje rote for mykje. Men no på seinhausten har eg likevel hatt eit lite rydde- og vaskeprosjekt i heimen. I løpet av nokre veker har eg tatt rom for rom (eg har heldigvis ikkje så mange!) og gått gjennom alle hyller, skuffer og skap. Gitt bort litt. Kasta litt. Gjort reint. Rydda på plass. Og mens eg har gjort det har eg tenkt på mor mi og på husmorideala eg vaks opp med – og som eg er veldig langt unna å leve opp til.

Eg har tenkt på ryddebølgja som har skylla innover oss dei siste åra – og alle som lever av å skrive bøker eller lage digitalt innhald om rydding. Kva er det med rot og rydding? Kvifor slår det an? Sjølv har eg flytta mykje gjennom livet. Etter nokre ganske få år på same stad eller i same husvære, har eg brukt å samle saman det som er verdt å ha i nokre banankasser og reist derifrå. Og så har eg leigd nokon til å vaske ned.

Å skape er å rydde, ordne, lage struktur i tilværet

No prøver eg å bli verande og feste røtene mine. Då må eg også øve meg på det som høyrer med til det å bu lenge på same stad. Rydde. Gjere reint. Halde ved like. På ein god dag kan eg kjenne: Å rydde er å vere på lag med Skaparen og samvirke med han.

Det er vanleg å framheve at Gud skapte av ingenting, då han ein gong skapte verda. Eit anna perspektiv på skapinga, er at Gud skapte – og skaper framleis – ved å gjere kaos om til kosmos. Å skape er å rydde, ordne, lage struktur i tilværet. Profetorda lyder over denne dagen – og dei handlar om rydding. I adventstida syng vi om rydding også – for eksempel med orda til Svein Ellingsen: «Rydd vei for Herrens komme, for frelsen fra vår Gud!

Vår ventetid er omme, han sender oss sitt bud: Det gamle skal forsvinne, Guds rikes tid er inne! Velsignet være han som kom i Herrens navn!» Å rydde er å lage rom. Kvitte seg med gammalt rask. Gjere seg klar til å ta imot og feire det nye som er på veg. Å rydde er å førebu seg. Og eg tenkjer på desse orda av Wilfrid Stinissen: «Din längtan är din förberedelse. Längtan gräver ut nya djup i din kapacitet att ta emot.»

---

Jesaja 40,1-5

Trøst, trøst mitt folk, sier deres Gud. Tal til Jerusalems hjerte og rop til henne at hennes strid er fullført, at hennes skyld er betalt, at hun har fått dobbelt fra Herrens hånd for alle sine synder. En røst roper: Rydd Herrens vei i ørkenen, jevn ut en vei i ødemarken for vår Gud! Hver dal skal heves, hvert fjell og hver haug skal senkes. Bakket land skal bli til slette og kollene til flat mark. Herrens herlighet skal åpenbare seg, alle mennesker skal sammen se det. For Herrens munn har talt.

---

Mer fra: Ettertanke