Har du hugsa å takka? Har du hugsa å tenka over kor alt det gode du har fått, kjem frå?
I takkebønna i gudstenesta, etter kollekten og på veg inn i nattverden, blir vi kvar søndag minna om dette viktige perspektivet, og eg synest det er så gode ord: «Alt vi eig, høyrer deg til. Av ditt eige gjev vi deg attende».
Ei slik jamleg påminning er for meg eit gode, og desse orda kan gjera oss audmjuke. Det er noko å tenka gjennom også i desember. Alt vi eig, tilhøyrer Gud. Alt vi har fått, kjem frå Gud. Då ligg det også eit ansvar hjå oss for å dela. «For kven er eg, og kven er folket mitt?».
Dette spørsmålet blir stilt av kong David i dagens bibelord, og det er ei viktig påminning også til oss i dag. Det handlar om identitet. Kven er eg, og kor høyrer eg til? I dagens samanheng: kva betyr det å vera meg i verda, og kva ansvar har eg for andre?
Desember er ein månad der vi kanskje er litt ekstra rause, men også ein månad som framhevar og forsterkar den himmelropande forskjellen det er mellom oss menneske, fordi det blir så synleg kven som har råd til glans og glim og glitter, og kven som ikkje har det. Adventstida er ei tid for å pirka borti oss menneske. Ikkje fordi vi skal ha dårleg samvit og ikkje kosa oss med god mat med dei vi er glad i, ikkje fordi vi ikkje skal gje fine gåver til dei vi er glad i. Men fordi kristendommens kjernebodskap alltid plasserer oss i ein samanheng, i eit fellesskap og alltid utfordrar oss, pirkar i oss.
Vi høyrer saman, med Gud og med kvarandre, med alt vi er, og alt vi eig
Vi treng kyrkja sin bodskap i advent, det er ein bodskap som riv oss bort frå dei glorete skjermane med alle tilboda og alt vi kan kjøpa for pengar. Vi treng nokon som rekker opp handa i alt dette og er ei motstemme. Det er kyrkja sitt oppdrag.
Bodskapen frå det vesle barnet i stallen, han som seinare vaks opp til å bli den mest radikale forkynnaren i vår historie, det er at vi høyrer saman med andre og har ansvar for kvarandre, at alle er like mykje verd, og at vi som har mykje, skal dela. Og ho som bar denne frelsaren under sitt bryst, var det som braut ut i lovsong: «Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte opp dei låge.»
Vi høyrer saman, med Gud og med kvarandre, med alt vi er, og alt vi eig.
---
1. Krønikebok 29,10-16
Framfor heile forsamlinga velsigna David Herren og sa: Velsigna er du, Herre, vår far Israels Gud, frå æve til æve! Deg, Herre, høyrer stordom til og makt, herlegdom, ære og majestet, alt som er i himmelen og på jorda. Ditt er riket, Herre, og du er opphøgd som overhovud over alt. Rikdom og ære kjem frå deg, og du rår over alle ting. I di hand er kraft og styrke. Det står i di makt å gjera alt stort og sterkt. Og no, vår Gud, takkar vi deg og lovsyng ditt herlege namn. For kven er eg, og kven er folket mitt? Skulle vi vera i stand til å gje slike frivillige gåver? Nei, alt kjem frå deg. Det vi gjev, kjem frå di hand. For vi er framande framfor ditt andlet og gjester som alle fedrane våre. Som ein skugge er dagane våre på jorda og utan von. Herre, vår Gud, all denne rikdomen som vi har samla for å byggja eit hus for ditt heilage namn, den kjem frå di eiga hand, og alt er ditt.
---