Ettertanke

Roa vårt hjarte

ANDAKT: Korleis vi enda opp med glorete, overdimensjonerte nissar frå Europris og plastpynt nok til å fylla opp landets gjenbruksbutikkar også neste år, det veit eg ikkje

Eg veit ikkje korleis di førjulstid (eller advent, som det heiter på korrekt språk) er, men eg veit at mange kjenner på at dei er inne i ein hektisk periode.

Desember har potensial i seg til å vera ein koseleg og fin månad, men for enkelte har stresset og kavet teke over. Alt skal skina og blenkja, og det er ikkje måte på kor mange julebord og julemiddagar ein skal delta på før juleroa kan senka seg ut på kvelden den 24. desember.

Kanskje 2024 er året for å slakka litt på farten? Du har framleis tid, det er berre 5. desember. For kva er eigentleg samanhengen mellom stress i advent og jula? Eg anar ikkje.

For meg er det aller viktigaste å senka skuldrane i desember, vera stressfritt ferdig med mest mogleg innkjøp og planar før desember kjem. Eg vil nyta desember. Ha tid til undring og ettertanke og til å ta innover meg bibeltekstane og salmane vi bruker i advent. Eg vil lytta til vakker musikk, sjå på dei frostkledde greinene utanfor vindauget, ha tid og nærvær til å kjenna snøen knirka under skoa.

Med alt som lyser og blinkar og larmar rundt oss, er det ikkje alltid lett å finna tilbake til roa i desember – men desto viktigare

Og i dag har eg Bibelen med på laget, når det i 1. Johannes står følgande: «…og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet.» Det må vera den perfekte førebuinga til det som skal skje i stallen i Betlehem, det som blei verdshistorias omdreiingspunkt, den nye verdas byrjing.

Korleis vi enda opp med glorete, overdimensjonerte nissar frå Europris og plastpynt nok til å fylla opp landets gjenbruksbutikkar også neste år, det veit eg ikkje. Eg undrar meg over samanhengane i desember: Det vesle Jesusbarnet i krybba og verdas største kjøpefest. Englane som song på Betlehemsmarkene, og bråkete musikk i butikkane. Stjerna som lyste på himmelen, og blinkande lyslenker i raudt, gult og grønt som ikkje er heilt min smak. (Byrjar eg å bli gamal?)

Med alt som lyser og blinkar og larmar rundt oss, er det ikkje alltid lett å finna tilbake til roa i desember – men desto viktigare. For det sanne og rette og riktige og viktige, det er det Guds ord som formidlar til oss, også i desember: «…lat oss ikkje elska med tomme ord, men i gjerning og sanning. Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet».

Lykke til med å finna roa. Der ligg det mykje godt og sant.

---

1. Johannes 3,18-24

Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning! Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet. For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt. Mine kjære, dersom hjartet vårt ikkje fordømmer oss, har vi frimod for Gud. Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge. Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss. Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

---

Mer fra: Ettertanke