Av og til går det eit sus gjennom bibeltekstane, og vi skjønar at vi les om noko stort som har skjedd. Slik har eg det i alle fall med dagens bibelord, der Lukas let oss få eit innblikk i ein augneblink for historiebøkene.
Jesus kjem tilbake til heimstaden sin, han oppsøker synagogen og les frå Skrifta. Kva er det han les? Og kven er det han les om? Han les om seg sjølv – det er i alle fall hans eigen oppfatning, og vår, vi som trur 2000 år seinare!
I det han står og les den om lag 700 år gamle teksten frå Jesaja, skjer det som han les om. Dei som var der, fekk kanskje ein følelse av at dei var i historia, at det skjedde der og då, at dei blei del av noko stort!
Når vi les slike tekstar, ser vi som lever 2000 år seinare, eit ganske anna bilde og har ei ganske anna oversikt enn det dei hadde i Jesu samtid. På den måten, med vårt historiske overblikk, gir denne teksten kanskje ei anna meining enn han gjorde for dei som var der då dette skjedde.
Jesus er nok ikkje den einaste som har erfart det. Men Jesus står i det, fylt av Anden som han er
Dei som var til stades, krasjlandar i alle fall på eit vis mot slutten av vårt avsnitt og spør: «Er ikkje dette son til Josef?» Kanskje lurte dei på om Jesus tok seg til rette og var frekk? Kva for sjølvbilde har denne karen, tenkte kanskje nokon? Kanskje stilte dei spørsmål ved kven han var? Kanskje tenkte dei, for å seia det med Øystein Sunde; «Du måkke komme her og komme her»?
Jesus møter alle motførestillingane han veit vil komma, med dei kjende orda om at ein ikkje blir profet på eigen heimstad. Jesus er nok ikkje den einaste som har erfart det. Men Jesus står i det, fylt av Anden som han er, på si vandring rundt i Galilea. «…han gjekk midt igjennom flokken og bort derfrå».
Svusj. Inn i tempelet for å lesa frå profeten Jesaja. Eit historisk sus i rommet. Eit bygdedyr som held entusiasmen og gleda i kritisk balanse. Og så går han. Svusj, rett igjennom flokken, viss på at Ordet har sin verknad, og viss på at det er han som er det.
---
Lukas 4,16-22
Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står: Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, for å setja undertrykte fri og ropa ut eit nådeår frå Herren. Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.
---