Dører og hjarte

ANDAKT: Også inne i oss finst det ei hjartedør, ung eller gammal, som i adventstida og fram mot jul kanskje står litt ekstra på gløtt.

I uke 49 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i spalten «Ettertanke», med utgangspunkt i Dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Publisert Sist oppdatert

Eg veit ikkje korleis det ser ut i den kyrkja du plar å gå, eller der du høyrer til. Er det ei lita, kvit trekyrkje eller ei arkitektonisk perle frå 2006? Er det eit lite bedehus langs ein riksveg på Vestlandet eller eit forsamlingshus i ein bygård i Oslo?

Uansett, det gjer noko med oss å gå inn i heilage rom. Kanskje er det også difor mange menneske bruker adventstida til å oppsøka konsertar og gudstenester i kyrkjene våre?

Når eg les dagens bibelord, salme 24, høyrer eg alltid inni meg salmen «Gjør døren høy, gjør porten vid», ein av dei mest kjende og brukte adventssalmane våre. Og så ser eg for meg desse dørene som salmisten skildrar, inn i heilagdommen – for salmistens del – tempelet.

Powered by Labrador CMS