Eg er glad i salmane, både dei i Bibelen og dei i salmeboka. Kanskje spesielt det siste.
Salmane er erfaringsteologi av beste sort, og eg er så glad og takknemleg for at nokon har sett ord på korleis det er å vera menneske, korleis det er å vera kristen, korleis det er å leva i denne verda. Og så er eg, ikkje minst, glad for at nokon har sett tonar til desse orda. Kva hadde kyrkja vore utan salmane?
Kvar høgtid, kvar tid i kyrkjeåret og kvar spesielle dag har sine salmar. Om du ikkje har oppdaga alle dei vakre adventssalmane, er det berre å setja seg ned med salmeboka. Der finn du mange skattar, frå Trygve Hoffs «Nordnorsk julesalme» frå 1985 til Grundtvigs «Blomstre som en rosengård frå 1837».
Og skulle du ønska deg noko endå eldre, kan du bla heilt fremst i salmeboka der sjølvaste Ambrosius briljerer med for oss 1600 år gamle ord som framleis blir sungne (omsett av Bernt Støylen): «Lov og takk, du Herre kjær/som til verdi komen er!/Fader god og Ande blid/lov og takk til evig tid.»
Innhaldet i orda som stig, i undring og takksemd og forventning gjennom advent er ikkje så ulike gjennom hundreåra, sjølv om orda kan vera litt meir moderne.
Eg er glad for at nokon har sett tonar til desse orda. Kva hadde kyrkja vore utan salmane?
Og går vi endå lenger tilbake, heilt til salmisten i Det gamle testamentet, er det også ord å kjenna att, ord som bind oss saman i tankar og tru gjennom tidene: «Han reiser den veike opp av støvet».
Kanskje var det noko av det same Trygve Hoff tenkte på då han formulerte seg i 1985: «No har vi den hardaste ria, vi slit med å karre oss frem».
I mørket, i vinternatta, i kulden, anten det er i Nord-Norge, i sørpete gater i Oslo, i ein dal på Vestlandet, i ein flyktningleir eller ei krigssone, skal ordet og håpet lyda: «Kven er som Herren vår Gud, han som tronar i det høge og ser i det djupe».
Salmane ber oss gjennom djupe dalar og store høgder, orda finn veg til hjarto våre, og musikken (takk din kantor!) fyller orda med den meininga dei skal ha; frå sorg, undring, lengt og til storslått glede og lovsong! Den evige himmelsongen som alltid er ung og ny.
---
Salmane 113,1-9
Halleluja! Syng lovsong, Herrens tenarar, pris Herrens namn! Velsigna vere Herrens namn frå no og til evig tid! Der sol går opp og sol går ned, skal Herrens namn vera lova. Herren er opphøgd over alle folkeslag, hans herlegdom er høgare enn himmelen. Kven er som Herren vår Gud, han som tronar i det høge og ser i det djupe – kven i himmelen, kven på jorda? Han reiser den veike opp av støvet og lyfter den fattige frå dungen. Han gjev dei plass blant stormenn, dei store i sitt folk. Den barnlause lèt han bu i huset som lukkeleg mor til ein barneflokk. Halleluja!
---