Kviskra fram bøner

ANDAKT: Eg trur kyrkja er meir relevant enn den anar om vi torer å setja ord på alt det som er utfordrande og vanskeleg.

I uke 49 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i spalten «Ettertanke», med utgangspunkt i Dagens bibelord fra Bibelselskapet.
Publisert Sist oppdatert

Eg trur det blir kviskra fram utruleg mange bønner her i dette landet. Kanskje ekstra mange i desember. Bøner, såre bøner, om vanskelege relasjonar, om barns forventningar som vi ikkje klarer å leva opp til, om tomme lommebøker og kredittkortgjeld, om glatte vegar og mørke tankar, om håp og om fred.

Mine bønner er ofte berre eit sukk, på veg inn i bilen eller når eg legg meg om kvelden. Gud høyrer våre bøner, både dei med ord og dei utan.

Advent med sin fiolette farge minner oss om kor vi høyrer til, og at livet er meir enn det materielle. Den fiolette fargen er blanda saman av jordas raude farge og himmelens blå farge. Jord og himmel møtest – det er det vi førebur i advent. Gjennom tider og hundreår, gjennom profetiar og spådommar, gjennom lengt og liv har menneske gjennom historia sett fram til denne augneblinken i Betlehem der Frelsaren blir fødd.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP