Av og til er det godt å gjere ting som er synleg og som andre kan sjå og bekrefte. Det er godt å få tilbakemeldingar på det vi gjer, og vi treng å bli bekrefta som personar. Det er eit heilt grunnleggande menneskeleg behov som vi ikkje skal moralisere over. Samtidig høyrer det med til det å bli eit modent menneske å bli trygg nok til at ein ikkje treng konstant applaus for å halde det gåande. Den kristne trua utfordrar oss også til å bli mindre opptatt av kva andre måtte sjå og synast.
I dag blir vi tatt med inn i Jesu undervisning. Jesus underviser læresveinane om faste, gåver og bøn. I den jødiske tradisjonen blir desse tre praksisane halde saman og dei blir rekna som berande element i fromheitslivet. Jesus forutset at læresveinane hans gjer alle desse tinga. Det er for så vidt utfordrande nok i seg sjølv. Men det er ei tilleggsutfordring i det Jesus seier: Han seier noko om at alt dette skal skje «i det skjulte».
Det er noko med dette «i det skjulte» som fascinerer meg. Eg trur det er utarmande for oss om vi deler alt med alle, om alt vi gjer er på utstilling.
Kanskje «i det skjulte» kan vere eit bra motto for livet med Gud denne hausten?
Når vi har ein nær relasjon, enten det er med ektefelle eller kjærast eller det er andre nære forhold, så har vi noko saman med den andre som vi ikkje deler med heile verda. Og vi vernar om forholdet ved å ikkje invitere alle andre inn i det som er mellom oss to.
Det betyr ikkje konstant tosomheit. Tvert imot: Når to har eit fortruleg og godt forhold, vil som regel andre merke det og hauste fruktene av det – i form av glede, overskudd og gjestfriheit.
Kanskje er det noko liknande det handlar om her? Kanskje Jesus inviterer oss til å bevare og utvikle det personlege forholdet til Gud? Utan publikum.
Kanskje «i det skjulte» kan vere eit bra motto for livet med Gud denne hausten? Kanskje det kan nøre opp under lengselen etter å ha eit fortruleg fellesskap med Gud? Etter å ha eit hemmeleg liv med han? Eit liv som høgst sannsynleg kjem til å bere frukt og vere merkbart for andre. Men det er ikkje der det begynner. Det begynner «i det skjulte». Gud inviterer oss til å lukke døra for andre sine beundrande og bekreftande blikk, og vere åleine med han.
---
Matteus 6,1-6
Ta dykk i vare så de ikkje gjer dei fromme gjerningane dykkar for auga på folk, for at dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hos Far dykkar i himmelen. Når du gjev ei gåve til dei fattige, skal du ikkje utbasunera det, slik som hyklarane gjer i synagogane og på gatene for at folk skal rosa dei. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer. Gjev gåva di i løynd. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg. Når de bed, så gjer ikkje som hyklarane. Dei elskar å stå i synagogane og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg.
---