Ettertanke

Kven er ein Gud som du?

ANDAKT: Eg hadde frihelg og var på reise. Full av forventning oppsøkte eg kyrkja der eg var.

I morgon er det bots- og bønnedag. Og eg kjem til å tenkje på ein haust for lenge sidan, då eg verkeleg såg fram til denne dagen, og gjorde meg klar til denne dagen.

Eg hadde noko i livet mitt som ikkje var som det skulle, og som over tid hadde tatt stor plass i meg. Eg hadde vanskeleg for å gje slepp, men no var eg komen til eit punkt der eg kjente: No er det tid for å ta eit oppgjer og legge dette bak meg. No har dette tatt frå meg nok energi og frimot. Eg hadde frihelg og var på reise. Full av forventning oppsøkte eg kyrkja der eg var.

Presten, som eg ikkje kjente, gjekk på preikestolen. Og eg såg fram til å bli dradd inn i ein felles refleksjon rundt synd, behovet for oppgjer, at det går an å legge ting bak seg og begynne på nytt. Men det skjedde ikkje. Det første presten gjorde då ho kom opp på preikestolen var å avlyse heile bots- og bønnedag.

Eg kunne ikkje ha vore meir skuffa. Sjeldan har eg kjent meg mindre møtt i ei preike. Er det ein stad eg må kunne gå med det som er vanskeleg, få hjelp til å reflektere rundt det – for så å leggje det frå meg – så burde det vel vere i kyrkja?

«Kven er ein Gud som du, ein som tek bort skuld og tilgjev synd?» Eg trur vi treng syndsbegrepet. Kanskje treng vi å arbeide med kva vi legg i det og korleis vi brukar det, men det er noko anna enn å parkere det..

Eg hadde vanskeleg for å gje slepp, men no var eg komen til eit punkt der eg kjente: No er det tid for å ta eit oppgjer og legge dette bak meg

Ei som har hjelpt meg til å tenkje rundt desse tinga er Åste Dokka. I boka «Leve vanskeligere» (Verbum 2020) skriv ho mellom anna:

«Generasjonene som vokser opp i dag, har mindre kunnskap om kristen tro enn tidligere generasjoner. En av fordelene med det er at de ikke forbinder ord som synd med streng pietisme. Dermed står muligheten for en kvalifisert tale om synd åpnere enn før. Begrepet setter ord på en helt allmenn erfaring, nemlig erfaringen av å komme til kort, av at livet dras i en destruktiv retning, av at vi ikke lever slik vi vil (…) Kirka må riste av seg frykten for syndsbegrepet dersom den skal snakke godt og teologisk om hva mennesket er. Det er godt å sette ord på det vi strever med. Det er frigjørende å snakke om synd i dag fordi det er frigjørende å snakke sant.»

---

Mika 7,18-20

Kven er ein Gud som du, ein som tek bort skuld og tilgjev synd for den resten han eig? Han held ikkje evig fast på vreiden, for han vil gjerne visa miskunn. Herren skal igjen visa miskunn mot oss og trø vår skuld under fot. Du skal kasta alle syndene våre ned i havsens djup. Du vil visa truskap mot Jakob og miskunn mot Abraham, slik du med eid lova fedrane våre i dei eldgamle dagane.

---

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Ettertanke