God påminning
ANDAKT: Overgjeving. Har du smakt på det ordet?
I uke 43 skriver Anne Marit Riste andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet
I dag ser eg for meg eit lite barn som har lært seg å gå og som har begynt å utforske verda. Begge deler fyller barnet med fryd. Og samtidig er behovet sterkt for stadig å vende tilbake til utgangspunktet, til det trygge, faste punktet hjå mor eller far. Der blikk og andlet, fang og favn, skaper eit rom å søke tilflukt og tryggheit i – innimellom alt dette frydefulle og samtidig litt skumle.
Behovet for tryggheit på den eine sida og lengselen etter friheit på den andre. Nokon søkjer mest det eine, andre søkjer mest det andre, kanskje. Men for dei fleste av oss kjempar desse to om plassen i oss gjennom heile livet, trur eg. Vi treng ein stad å søkje tilflukt, der vi kan trekke oss tilbake, vere heilt trygge, vere oss – utan skam. Og vi treng å kjenne oss frie og ha mot til å møte det som er der ute.
Og kanskje heng dei saman, desse to. Om vi får erfare at det finst eit rom der vi er trygge, så vil vi kanskje også, gjennom dette, kjenne oss frie, kjenne at dette leier oss vidare og set oss i rørsle, utover.
Bestill abonnement her
KJØP