Ettertanke

«Ein lysande krans over mørkret rår»

ANDAKT: Ein dag skal Gud sluka døden for evig, skam og sorg og naud og krig skal bli borte

Av og til treng vi å bli skikkeleg og solid minna om kva det er vi trur på, kva von vi eig, og kva samanheng vi står i.

I dag er det profeten Jesaja som gir oss ei skikkeleg vitamininnsprøyting av von, det er som om eit bilete blir malt framom oss der vi ser for oss det festmåltidet som profeten skisserer, av feite rettar og gamal vin. Der, ein gong i framtida, ikkje berre profetens framtid, men også vår framtid, ventar det oss noko som er heilt ubegripeleg, og som vi, her i denne jammerdalen som jordelivet av og til er, må minna kvarandre om: «Herren Gud skal tørka tårene frå kvart andlet».

«Trur du det du, at det hender ein gong?»

Ein dag skal Gud sluka døden for evig, skam og sorg og naud og krig skal bli borte, og vi skal få sjå det vi vonar, det vi her og no berre ser i speglar og gåter.

«Trur du det du, at det hender ein gong?»

Vår von, vår tru og våre førestillingar om himmelriket er ulike, vi ber med oss erfaringar, historier, bilete og teologi frå barndom og ungdom og vaksenliv som på ulikt vis har skapt førestillingar i oss om denne framtida når døden er overvunnen og alt skal bli nytt og godt.

Der, ein gong i framtida, ikkje berre profetens framtid, men også vår framtid, ventar det oss noko som er heilt ubegripeleg, og som vi, her i denne jammerdalen som jordelivet av og til er, må minna kvarandre om

Eg trur eg har ei ganske enkel tru på korleis det skal bli: Det skal bli fint, det skal bli vakker song og musikk, deilig mat og vin, venskap, vakre omgjevnader og fred.

«Trur du det du, at det hender ein gong?»

Strofa eg har gjentatt gjennom heile dagens Ettertanke, og også overskrifta til dagens Ettertanke er henta frå Odd Nordstogas nydelege salme «Fatig ferdaman» som, slik eg tolkar den, refererer til «Eg veit i himmerik ei borg». Nordstoga går denne salmen i møte, han samtalar med den og plasserer dei litt himmelsvevande førestillingane vi møter i den kjære salmen, inn i vår røyndom. Det er eit særdeles vellykka prosjekt, fordi det flyttar trua og vona inn i samanhengar vi allereie kan sjå, og minner oss dessutan på alt det vakre vi allereie har rundt oss, som også vitnar om Gud.

Slik skriv han, og i dag på denne laurdagen kan du ta deg tid til å lytta til heile denne fabelaktige teksten og tenka litt over korleis du ser for deg det du kanskje trur på, eller kanskje tviler på, eller kanskje litt begge deler:

«Kan du tru at ein stein glei ifrå Og opp frå ei grav fekk han levande gå? Ja, evig fine er salmenes song Men kan du tru det, at det hende ein gong? Vel, eg trur på dagen som kjem etter natt Eg trur etter gråten så kjem der lått Og eg ser vel at vinter blir vekt til vår Så er det vel slik òg, på den vegen me går.»

---

Jesaja 25,6-9

På dette fjellet skal Herren over hærskarane gjera i stand for alle folk eit festmåltid med feite retter, eit festmåltid med gammal vin, med feite, mergfulle retter og gammal, klåra vin. På dette fjellet skal han sluka sløret som slører til alle folk, dekket som dekkjer til alle folkeslag. Han skal sluka døden for evig. Herren Gud skal tørka tårene frå kvart andlet. Frå heile jorda skal han ta bort vanæra til folket sitt. For Herren har tala. Den dagen skal dei seia: «Sjå, dette er vår Gud! Vi vona på han, og han frelste oss. Dette er Herren, vi vona på han. Lat oss jubla og gleda oss over hans frelse!»

---

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Ettertanke