Ettertanke

Miskunn og sladder

ANDAKT: Jesus vil at vi skal forstå dei rette tinga. Og det er eit viktig poeng for oss i dag også.

Det er ganske mykje som skjer både i sentrum og periferi når Jesus gjer under.

I dagens bibelord møter vi to blinde som følgjer etter Jesus. Dei gir seg ikkje før dei får kontakt, Jesus rører ved augo deira, og dei ser. Dei to blinde ber om at Jesus må miskunna seg over dei, forbarma seg over dei og visa nåde. Dei får synet tilbake, Jesus hjelper dei. Det er ein letthet over heile situasjonen, Jesus lækjer dei utan at det blir særleg mykje oppstyr av det. Men så blir Jesus streng og seier til dei at ingen må få vita noko om kva som har skjedd.

Det går som det måtte gå: Dei to blinde går ut og fortel om kva som har skjedd. Eg skjønar dei så godt, og eg let meg stadig forundra over at Jesus så ofte seier at dei ikkje skal fortelja om kva som har skjedd (sjølv om eg skjønar at det vil bli svært travelt i lækjings-bransjen). Sidan Jesus er så streng, må det vera viktig for han, veldig viktig. Men heller ikkje denne gongen funkar det, for før Jesus veit ordet av det, er det ein mann i køen som var stum.

Jesus lækjer ikkje for å få merksemd, skapa diskusjon eller usemje. Jesus lækjer fordi menneske der og då treng det

Jesus lækjer. Det skjer alltid interessante ting også i utkanten av sjølve under-augneblinken. Ofte heng det til dømes nokre farisearar rundt omkring, klare til å kritisera. Folket er begeistra, farisearane held att. Kanskje er vi her ved noko av kjernen: Jesus lækjer ikkje for å få merksemd, skapa diskusjon eller usemje. Jesus lækjer fordi menneske der og då treng det.

Slik denne hendinga er fortalt, anar eg i teksten at det er eit poeng å få fram at det var lett for Jesus å lækja. Det var ingen big deal. Han kunne det jo, det var ein del av hans vesen og hans oppdrag. Men eg trur Jesus er redd for å bli sett på som ein som skapar oppstandelse (vel, det gjorde han jo for så vidt, litt seinare i soga) rundt seg sjølv som person, at underet i seg sjølv skal bli hovudpoenget meir enn kven han var, og kvifor han var her.

Jesus vil at vi skal forstå dei rette tinga. Og det er eit viktig poeng for oss i dag også, her vi lever i ein kvardag prega av store overskrifter og sensasjon på sensasjon i alle nettaviser. Og bokstavane blir større og større for at vi skal lesa meir og meir. Men det er ikkje i sensasjonane at underet finst. Det er i det at vi lever, at vi kvar dag kan stå opp til ein ny dag og vera i denne verda og tru, tvila, elska, be om nåde og av og til kanskje sladra litt – i alle fal om det gode vi opplever i møte med Gud.

---

Matteus 9,27-34

Då Jesus gjekk derifrå, følgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!» Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre», svara dei. Då rørte han ved auga deira og sa: «Det skal bli som de trur.» Og med ein gong vart auga deira opna. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.» Men dei gjekk ut og fortalde om han i heile området der. Medan dei var på veg ut, kom det nokre til han med ein mann som var stum og hadde ei vond ånd. Då den vonde ånda var driven ut, kunne den stumme tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel!» Men farisearane sa: «Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»

---

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Ettertanke