«Velsignet være alle dine håp»

ANDAKT: Mister vi håpet, mister vi så mykje. Eg vil be konfirmantane om å halda fast i håpet.

ANDAKT: I uke 38 skriver Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i Dagens bibelord fra Bibelselskapet

Vi har akkurat lagt bak oss årets konfirmasjonar i kyrkjelyden der eg jobbar. Kva vil vi gi til konfirmantane våre på denne store dagen?

For meg er det viktig å minna dei om kor dei høyrer til, at kyrkja er deira heim. Og så håpar eg at dei har fått nokre reiskapar til tru, enkle måtar å praktisera trua på, slik at dei kan gå inn i ei kyrkje kor som helst i verda, og vita kva det kan bety å tenna eit lys.

For vi treng lys. Og så treng vi håp. Å, så gjerne eg vil gi dei håp! Framtid og håp! Få dei til å skjøna litt av rekkevidda ved det å høyra til i kyrkja, både den lokale og den verdsvide!

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP