Den kongelege embetsmannen som vi møter i dagens bibelord, er til inspirasjon! Jesus er på tur til Kana i Galilea, denne gongen skal han ikkje i bryllaup.
Dei fleste i strøket hadde nok fått med seg dette sensasjonelle bryllaupet der det blei tomt for vin, men der hjelpa var nærare enn ein (kanskje) trudde. At Jesus gjorde vatn til vin var i seg sjølv sjølvsagt sensasjonelt, men endå meir sensasjonelt er betydninga av det: Jesus representerer noko heilt nytt, han markerer seg og sitt oppdrag og sin posisjon midt i menneskes liv. Det er i grunnen ganske genialt.
I dagens bibelord er det derimot sorga og nauda som rår, fordi den kongelege embetsmannen har ein sjuk son, og han treng hjelp. Kanskje hadde embetsmannen fått med seg nyhendene frå bryllaupet i Kana og tenkt at denne krafta også kanskje kunne komma hans son til gode?
Ingen av oss har garantiar for at det å tru skal føra til under. Det er heller ikkje det som er hovudpoenget i dagens bibelord
Eg blir ganske rørt av den sterke trua til denne embetsmannen som vi ikkje får vita namnet på: Først går han i tru til Jesus og ber om hjelp, og så går han i tru tilbake til sonen sin når Jesus har sagt «Gå heim, son din lever». Han trudde faktisk at det hadde skjedd, og vandra heim att i tillit. Og så endar heile soga opp med at han og heile familien overgir seg til dette nye som Jesus representerer.
Embetsmannen får ei erfaring av at under kan skje. Eg har ikkje så mange erfaringar med under, og eg er forsiktig med å kalla ting for eit under. For kvart under eg opplever, er det nokon andre som opplever det motsette. Det er krevjande å tala om under i vår tid, både kollektivt og i eige liv. Heller enn å snakka om under eller bli misunneleg på andre som opplever under, vil eg snakka om tru og tillit: Tru på at situasjonar kan snu, mot til å be om hjelp, håp om at ting kan endra seg.
Ingen av oss har garantiar for at det å tru skal føra til under. Det er heller ikkje det som er hovudpoenget i dagens bibelord. Tvert om trur eg at hovudbodskapen er å våga å be om hjelp, våga å legga liv og lagnad i hendene til Gud, som held heile verda i si hand. Om vi klarar å ha tillit til at det faktisk er slik, på trass av alt som kanskje får oss til å tru det motsette, har vi ein god grunn både å leva på og å dø på. Signe onsdagen!
---
Johannes 4,46-54
Så kom Jesus igjen til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og son hans var sjuk. Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han til Jesus og bad han koma ned og gjera son hans frisk, for det stod om livet. Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.» Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!» Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde det ordet Jesus sa til han, og gjekk. Medan han var på heimvegen, kom slavane hans og møtte han, og dei fortalde at guten hans levde. Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.» Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei kom til tru, både han og heile hans hus. Dette andre teiknet gjorde Jesus då han kom frå Judea til Galilea.
---