Ettertanke

I grevens tid og i nådens tid

ANDAKT: Dei fleste av oss opplever både motgang og medgang, at det går vår veg og heilt motsett veg. Ingenting av dette er skjult for Gud.

Når vi lykkast med noko, når vi var på rett stad til rett tid, når vi hadde flaks eller akkurat nådde ein tidsfrist, seier vi ofte at det var «i grevens tid».

Opphavet til dette uttrykket er usikkert, men det har i alle fall etablert seg som eit uttrykk for ein god augneblink der vi lykkast med noko, kanskje litt mot alle odds. Litt flaks og god bør treng vi alle i livet.

Dagens bibelord snakkar om ei anna tid, nemleg «nådens tid». Salme 69 er ein salme av David. Kong David hadde eit liv der han nok ganske ofte var på rett plass til rett tid, men det motsette skjedde nok også, på feil plass til feil tid. Slik er det med dei fleste av oss, og eg synest det er både sterkt og viktig at David med alle dei fasettane som hans personlegdom og hans liv representerer, har ein så sentral plass i Bibelen.

Han var sterk og svak på same tid. Historiene om alle menneska i Bibelen som var, ja nettopp, menneske, hjelper meg å tru, og til også å tru at eg har ein plass hos Gud. Dei fleste av oss opplever både motgang og medgang, at det går vår veg og heilt motsett veg, at vi lykkast og at vi opplever ulykke. Ingenting av dette er skjult for Gud.

David vågar å komma til Gud også med det som han mislykkast med. Det er sterkt

David og hans sorg og nød som vi møter i dagens bibelord, gir rom for og ord til oss i vår tid, så vi kan uttrykka også det som er vrient og vanskeleg. David ber si utolmodige bøn til Gud om hjelp, om nærvær, om å bli sett.

Salmediktaren ser at han treng Guds kjærleik og miskunn og ber om Guds synlege og tydelege nærvær i sitt liv. David vågar å komma til Gud også med det som han mislykkast med. Det er sterkt.

Når eg les salme 69, begynner eg også å tenka på ein annan salme. Den er skriven mange år seinare, i 1856, men uttrykker den same trua og tillita til Gud frå ei kvinne som også visste kva livet kunne bringa av lukke og ulukke, men som likevel midt i alt klarer å formidla nåde, tru og håp, nemleg Linda Sandell: «Naud og lukka til vil falla, Herrens hand skal fast oss halda. Som ein ven han sine aktar, han er deira skjold og vaktar».

Den salmen har også blitt sunge mange gongar av ei lita jente på søndagsskulen på 1970- og 80-talet, kanskje utan å vita rekkevidda av desse tillitsfulle orda som blir uttrykt. Men det viste seg at desse orda skulle gi kraft til livet, både det eg har lykkast med, og det eg ikkje har lykkast med.

Når vi som David står i gjørme til knes, og når vi av og til fiksar noko i grevens tid – midt i alt dette finst Gud. For heldigvis finst det noko som heiter flaks, men endå betre: Det finst noko som heiter nådens tid, også for deg og meg. Og den var i går, den er i dag, og den stig opp med sola også i morgon.

---

Salmane 69,14-18

Men eg bed til deg, Herre, i nådens tid, til deg, Gud, i di store miskunn. Svar meg med di trufaste hjelp.  Berg meg frå å søkka i gjørma, berg meg frå dei som hatar meg, frå det djupe vatnet! Lat ikkje flaumvatnet skylja over meg, lat ikkje djupet sluka meg eller brønnen lata att sin munn over meg! Svar meg, Herre, for di miskunn er god, vend deg til meg i din store kjærleik! Løyn ikkje andletet for din tenar, for eg er i naud. Skund deg og svar meg!

---

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Ettertanke