Eit gjengangar på russekort av det meir fromme slaget på 70- og 80-talet var vers 21 i dagens bibelord frå Filipparane kapittel 1: «For meg er livet Kristus og døden ei vinning».
Eg gjekk for noko litt meir profant sjølv, berre så det er sagt. Eg har nemleg eit litt dobbelt forhold til den måten Paulus proklamerer ut bodskapen på, kanskje fordi Paulus og eg har hatt ganske ulike vegar fram mot omvendinga. Det var lite blendande lys langs vegen i Norheimsund då eg vandra fram og tilbake på skuleveg eller var ute på vift på kveldstid. Omvend vart eg i dåpen, og eg har i grunnen kvilt i trua, på eit relativt udramatisk vis.
For Paulus, derimot, var vegen til omvending langt meir kronglete og ikkje minst dramatisk. Difor forstår eg Paulus sin retorikk og Paulus sitt behov for å formidla det livsforvandlande ved den kristne trua. Eg kan også beundra han for hans mot til å proklamera, invitera, forkynna. Det er så maktpåliggande for Paulus å få fram kva det betyr å vera ein Jesu etterfylgjar. Noko står på spel!
Andlet til andlet med den heilage Gud som steig ned og vart menneske, kjenner eg på den aller største gleda og meininga som finst
Det kan eg av og til misunna han, på eit vis. Samtidig er det også behageleg å leva eit litt tilbaketrekt kristenliv, sjølv om det i og for seg er ein slags proklamasjon å via livet til presteteneste. Men det lar meg jo på same tid på eit vis kamuflera trua mi i ein profesjon, noko som sikkert av og til kan gjera meg litt lat.
Ikkje for det, å vera prest på fest til dømes, er heilt garantert å hamna i ein samtale om tru med dei du sit ved sidan av. Eg skjuler aldri trua mi, til det betyr den altfor mykje. Paulus og eg er i alle fall samde om ein ting, at vi har «rikeleg grunn til å vera glade og stolte i Kristus Jesus».
Eg veit ikkje kva eg hadde vore utan trua mi. Eg veit ikkje korleis eg hadde sett på verda, sett på det å vera i denne verda, korleis eg hadde sett på framtida, kor eg hadde funne håp, meining, lykke og glede. Andlet til andlet med den heilage Gud som steig ned og vart menneske, kjenner eg på den aller største gleda og meininga som finst: Eg er del av noko større enn meg sjølv og det av og til slitsame, vesle livet mitt her på jorda.
Eg er glad i livet, eg er glad i å arbeida, eg elskar kvardagar og kaffi og familie og vener. Men det hindrar meg ikkje frå likevel å kjenna ei uendeleg glede over at det finst noko meir: Ei æve, der alt er godt og der Paulus og eg heilt sikkert vil vera 100% samde om at dette var det verd å satsa liv og teneste på!
---
Filipparane 1,20-26
Min lengt og mitt håp er at eg ikkje skal bli til skamme på noko vis, men at Kristus, no som alltid, skal opphøgjast for auga på alle ved min kropp, anten det blir liv eller død. 21 Å leva er for meg Kristus, og å døy er ei vinning. 22 Men om eg får vera i live, kan eg gjera eit arbeid som ber frukt, og då veit eg ikkje kva eg skal velja. 23 Eg er dregen til begge sider: Eg har denne lengten etter å bryta opp og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. 24 Men for dykkar skuld er det naudsynt at eg får leva vidare, 25 og fordi eg er viss på dette, veit eg at eg skal få leva, ja, bli verande hos dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua. 26 Då skal de få rikeleg grunn til å vera glade og stolte i Kristus Jesus for mi skuld, når eg på nytt kjem til dykk.
---