Overgrepssikta prest får forlenga varetekt
OVERGREP: Politiet seier saka har høg prioritet og at det sannsynlegvis vil bli teke ut tiltale.
VARETEKT: Ein sokneprest frå Austlandet er sikta for seksuell omgang med barn. Illustrasjonsfoto.
Gorm Kallestad
Ein sokneprest frå Austlandet som er sikta for seksuell omgang med barn, vart varetektsfengsla i fire nye veker frå 20. januar. Det stadfestar Aust politidistrikt til Vårt Land.
Den sikta mannen vart arrestert av politiet i august, og har vore varetektsfengsla sidan det.
– Saka har høg prioritet og etterforskinga pågår framleis. Sikta vil svært sannsynleg bli sett under tiltale, men omfanget er ikkje endeleg avgjort.
Bestill abonnement her
KJØP