Opprop frå katolikk Marion Norum Spæren: – Regjeringa diskriminerer mot trussamfunn

KORONATILTAK: I eit opprop blir regjeringa kritisert for at koronatiltaka går utover truspraksis. Initiativtagar Marion Norum Spæren meiner trussamfunna ber ein altfor stor del av tiltaksbyrda.

– Medan skular, bussar og kjøpesenter er fulle av folk, blir vi religiøse nekta å vere fleire enn ti personar samla innandørs, seier Marion Norum Spæren frå Norges Unge Katolikker. Illustrasjonsfoto av St. Laurentius katolske kirke i Drammen.(Foto: NTB/privat )
Publisert Sist oppdatert

Måndag la regjeringa fram justeringar i nye koronatiltak som trer i kraft frå og med onsdag 20. januar. Det blir blant anna opna for heimebesøk og at private innandørs arrangement kan ha opp til 10 personar, gitt at ein evnar å halde avstand. Gravferder er unntatte, og kan ha opp til 50 menneske samla.

Marion Norum Spæren er frivillig i medieutvalet i Norges Unge Katolikker, og er initiativtakar bak oppropet. Per onsdag ettermiddag hadde oppropet fått 105 underskrifter. Ho opplever at trussamfunn gjennom heile pandemien er blitt offer for diskriminering og at dei ber ein altfor stor del av tiltaksbyrda.

Kyrkja ho går i er i praksis stengd, og har vore det i snart eitt år. Det går utover trusutøvinga.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS