Obos og NMS vil byggje bustadar på «Misjonsmarka»

STAVANGER: Obos og Det norske misjonsselskap (NMS) har signert avtale der dei ynskjer å byggje bustadar på eigedommen til misjonsorganisasjonen sentralt i Stavanger.

Obos og NMS
SAL: 23. februar signerte Obos ei avtale om å kjøpe 49 prosent av eit selskap som skal utvikle eigedomen til Det Norske Misjonsselskap (NMS) på Kampen i Stavanger.
Publisert Sist oppdatert

23. februar signerte Obos ei avtale om å kjøpe 49 prosent av eit selskap som skal utvikle eigedomen til Det Norske Misjonsselskap (NMS) på Kampen i Stavanger, ifylgje misjonsorganisasjonen på sine nettsider.

– For NMS og NMS Eiendommer har det vore vesentleg å finne ein partnar som kan stå godt til verdiane våre og som er samfunnsbyggjande. NMS ser verkeleg fram til eit langt og godt samarbeid, der me får fram særpreget til området saman med Obos, seier Helge S. Gaard, generalsekretær i NMS, i nettartikkelen.

Eigedomen det er snakk om blir kalla «Misjonsmarka», då misjonsorganisasjonen har halde til her i lang tid, og har gitt namn til både denne og Misjonsveien rett ved. Det tidlegare hovudkontoret til organisasjonen ligg på området og har adressa Misjonsmarka 1.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS