Nye avsløringar i Hillsong-dokumentar
HILLSONG: I ein ny dokumentarserie snakkar for fyrste gong kjendispastor Carl Lentz ut i eit intervju. Han opnar opp om pillemisbruk og seier han blei misbruka seksuelt som barn.
SNAKKAR UT: Carl Lentz, tidligare pastor i Hillsong New York, har lete seg intervjue i ein fersk dokumentarserie.
FX
Fredag 19. mai blei dei to fyrste episodane av dokumentarserien The Secrets of Hillsong sendt på den amerikanske tv-kanalen FX. Der skal det ifylgje media verda over koma fram ei rekkje nye detaljar om pinsekyrkja og dei som har vore leiarar i ho.
I serien gjev Carl Lentz, som lenge var ein av dei største pastorprofilane i megakyrkja Hillsong, sitt fyrste offentlege intervju etter at han blei sparka i november 2020.
Serien er foreløpig ikkje tilgjengeleg i Noreg.