Ny innstilling om kyrkjeleg organisering: Klart fleirtal
DEN NORSKE KYRKJA: Komiteen som jobbar med kyrkjeleg organisering under Kyrkjemøtet har kome med si andre innstilling. Eit stort fleirtal er einige om kva modell ein rådar Kyrkjemøtet til å velgje.
LEIAR: Harald Hegstad leier komiteen som jobbar med kyrkjeleg organisering under Kyrkjemøtet.
Erlend Berge
Før plenumsdiskusjonen på laurdag kring korleis Den norske kyrkja (DNK) skal organiserast, leverte komiteen som har jobba med saka under Kyrkjemøtet si andre innstilling.
Her kjem det fram at 18 personar i komiteen har stemt på modell 3. To medlemmar ynskjer modell 2, medan eitt medlem vil ha modell 1.
Sjå faktaboks lenger ned i saka for forklaring av dei ulike modellane.