NRK-Rima: – Religion treng ikkje vere så skummelt
FESTEN ETTER FASTEN: Etter NRK sine TV-program om den muslimske id-feiringa, har Rima Iraki fått meldingar som har gjort inntrykk. Det ho sjølv synest er best med festdagen, vil truleg overraske mange.
HØGTIDSFEIRING: Når folk trur Festen etter fasten er eit muslimsk forkynningsprogram, har Rima Iraki følgande beskjed: Idéen til programmet kom frå ei som ikkje trur.
Julia Marie Naglestad
For to år sidan, idet Festen etter fasten dukka opp på sendeskjemaet første gong, sende NRK ut ei pressemelding:
«Vi inviterer til fest med god mat, nydelig musikk, og fine og morsomme møter med spennende gjester (...) Vi håper dette programmet kan bidra til en følelse av fellesskap».
Kommentarane lét ikkje vente på seg – før programmet i det heile hadde gått på lufta.