No vil misjonsorganisasjon fylle denne landsbyen med liv
MADAGASKAR: Etter nesten ti år med forfall kan det tidlegare norske stor-anlegget no få nytt bruksområde. Gitt at misjonsvener er villige til å trå til.
ENORMT PROBLEM: Planen er at området skal bli bruka til det Arild Bakke i Det norske misjonsselskap kallar eit «enormt sosialt problem» som det dessutan nesten ikkje eksisterer profesjonelt behandlingstilbod for på Madagaskar.
Erlend Berge
I fjor skreiv Vårt Land om spedalsk-landsbyen Mangarano på Madagaskar. Det tidlegare norske misjons-flaggskipet har sidan 2015 vore forlatt og stått til forfall, etter at lepra-sjukdommen ikkje lenger kravde avsondring av pasienten frå resten av samfunnet.
Då var ein 130 år lang historie slutt. Dei siste 16-17 leprasjuke innbyggjarane flytta ut av rekkene med små murhus, og dørene blei låst bak dei.
No vil Det Norske Misjonsselskap (NMS) saman med Den gassisk-lutherske kyrkja blåse nytt liv i det store senteret.