Nyheter

No skal kyrkja bli «digital»: Kan koste 77 millionar kroner i året

Når kyrkja blir styrka på nett, må ein ikkje gløyme kyrkjerommet, meiner Kyrkjerådet: – Det har blitt veldig behageleg å sitte i sofaen med iPaden, seier Marie Klakegg Grastveit

– Tenk om me får til ein enkel måte å få inspirasjon til tru!

Det glødar av innleiinga til saksordførar Jan Olav Olsen frå Agder og Telemark bispedømmeråd når han legger fram satsinga «Digital kirke» på møtet i Kyrkjerådet.

Men den kostar. Prislappen kan kome på 77 millionar kroner i året viss alle planane blir gjennomført.

– Det kostar grassat. Det blir mykje pengar, men me har ikkje råd til å la vere, seier Jan Olav Olsen.

Dette går pengane til

Allereie i år er det fristilt 20 millionar kroner for å kunne kome i gang. Så raskt som råd skal Den norske kyrkja:

• Gjere gudstenestar, andaktar og konsertar lett tilgjengeleg.

• Forenkle måten å melde seg til dåp, konfirmasjon, vigsel og gravderd.

• Spreie forteljingar og bodskap, for eksempel på sosiale medium: «Det skal være enkelt å få inspirasjon til og kunnskap om tro, undring og gode handlinger», heiter tiltaket.

• Få nye digitale verktøy for å lette kvardagen til dei tilsette i kyrkja.

LES ÒG: Denne gravferda er historisk – Knut Espelund blei bisett med drive-in-gudsteneste

Fra Kirkerådsmøte 17.09.20.
Kyrkjerådet frigjorde 20 millionar kroner allereie i 2020, slik at arbeidet med den digitale kyrkja kan kome i gang raskt. Foto: Tuva Skare

Vil ha folk opp av sofaen

Sjølv om iveren for «Digital kirke» er samstemt i Kyrkjerådet, er fleire opptatt av å ikkje gløyme kjerneoppgåvene:

– Eg er litt uroa for at det har blitt veldig behageleg å sitje heime i sofaen med iPaden. Det må me tenke på i denne satsinga òg, seier Marie Klakegg Grastveit, leiar i Stavanger bispedømmeråd.

– Det er kanskje ikkje sundag føremiddag som er tida for å streame 15 forskjellige gudstenestar du kan «zappe» innom. Me bør kanskje gå for andre tidspunkt for å få folk opp av sofaen. Ikkje berre for å gå tur i fjellet, men for å gå i kyrkja sundag føremiddag, seier ho.

Fra Kirkerådsmøte 17.09.20. Digital løsning med kamera og mikrofon.

Det blir nikka rundt bordet. Leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, er einig, men meiner det ikkje er ei motsetning mellom å vere god på det digitale og å halde fokus på møtet mellom Gud og menneske:

– Me som kyrkjepolitikarar må ikkje bli blenda av digitaliseringas kraft, men bruke den der den høyrer heime. Me skal ikkje slutte å løfte fram dei grunnleggande delene av det me gjer i kyrkja, seier ho.

Digital suksess i koronaen – og framover

Mellom 1. mars og 1. mai nådde Den norske kirke si Facebook-side mellom 100.000 og 200.000 brukarar om dagen. Sida fekk over 7.500 nye følgarar og nesten 100.000 kommentarar, delingar og reaksjonar.

Kyrkjerådet ser på vårens digitale korona-suksess som ein god grunn til å halde fram slik.

– Eg trur redsla for digitale medium har sunke betrakteleg under koronatida. No skal det bli enkelt å finne og følge kyrkjelege arrangement. Det er kjempeviktig, seier Jan Olav Olsen.

Men kyrkjene ute i landet treng opplæring og støtte i arbeidet, viser ei evaluering frå Kyrkjerådet. 73 prosent av kyrkjelydane i eit utval sa ifrå om at dei trong meir kompetanse om digitale medium.

Mindre tid på system-kluss – meir på menneske

Kyrkjemøtet håpar satsinga frigir tid for dei tilsette i kyrkja – frå kronglete system til å møte folk.

– Me har ein del rutinar, strukturar og system som ikkje heng heilt saman. Dette må bli «smoothare», så dei tilsette bruker mindre tid på det, seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.

– Dei administrative rutinane må bli gjennomførte – ordentleg – men det er eit mål at dei kyrkjelege medarbeidarane skal få tid til å vere ute, ha samtalar, drive trusopplæring og diakoni. Derfor må me legge til rette for at dei heller kan bruke tida på det, seier ho.

Kyrkjemøtet har ikkje tatt stilling til summen på 77 millionar kroner, som satsinga er rekna til. I saksdokumenta står det at kyrkja skal omdisponere stillingar og driftsutgifter, og tilføre nye midlar, for å få det til.

LES MEIR:

Jo Hedberg: «Den norske kirke står overfor særlig tre store utfordringer»

Denne våren betydde mykje for satsinga til Den norske kyrkja

Halleluja-rop fra talerstolen – svarer med biltuting på en parkeringsplass

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter