No må truleg desse lappane opp igjen i kyrkjebenkane
KORONA: Frå midnatt torsdag vil det igjen gjelde koronasrestiksjonar i Oslo-området. Men nøyaktig kva det betyr i praksis, er det førebels vanskeleg å få eit svar på.
FASTE PLASSAR: Nummerlappane i benkeradene må truleg tilbake i kyrkjene i Oslo-området, etter at regjeringa no innfører nye koronarestriksjonar.
Morten Marius Larsen
Det er mykje som er uklart om reglane regjeringa innfører frå midnatt torsdag. «Vi har foreløpig ikke utarbeidet nye råd for hvordan arrangementer skal gjennomføres», skriv FHI i ein e-post til Vårt Land. Det er derfor foreløpig ikkje kjend om det i praksis vil bli nokon konsekvensar for kyrkjegjengarane.
Det er berre drygt to månadar sidan lappane med plassnummer blei plukka ned frå benkeradene i Fagerborg kyrkje i Oslo. mest sannsynleg må lappane no opp igjen.
På regjeringa sin pressekonferanse i ettermiddag vart det gjort klart at det bli innført eigne tiltak i Oslo og nærliggande kommunar. Eitt av desse tiltaka er at det blir gjort avgrensingar på kor mange som kan vere på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar.