No er det fleire kristenruss enn på 14 år
HØGE MEDLEMSTAL: Krusseleiar trur det kan henge saman med eit større behov for tilhøyrsel, men meiner også det handlar om å vere ein motreaksjon.
STOR PÅGANG: Line Marie Hverven Engemoen er leiar i Krussen, og trur oppslutninga det siste året mellom anna kan vere knytt til at ein treng eit alternativ i større grad.
Erlend Berge
– Eg trur at det no er eit større behov for ein motreaksjon i russekulturen, seier Line Marie Hverven Engemoen.
Ho er tilsett som leiar for Krussen, og var sjølv russ i 2013. Ein må enda tre år tilbake, til 2010, for å finne høgare medlemstal enn no.
Foreløpig har 765 meldt seg inn i år. Mellom 2011 og 2022 låg snittet på 566 medlemmar. Dagen omtalte nyheita først.