Når kyrkja serverer vin til nattverd, trengst verken skjenkebevilling eller aldersgrense
ALTERVIN: Nattverden har blitt allmenngjort i Norge, ser professor, og meiner det er gledeleg. Men å opne alteret for små barn har skapt problemstillingar for ei kyrkje kor det er «fritt fram» å servere vin med eller utan alkohol.
PROTESTANTISK VAL: Med eller utan alkohol? Det er spørsmålet kvart sokneråd sjølv kan bestemme svaret på for sin eigen kyrkjelyd.
lars Flydal
– I Den norske kyrkja bør nokre forhold bestemmast nasjonalt, men i saker som handlar om gudstenesta bør også mykje vere opp til lokale vurderingar – i eit handlingsrom, seier Jan Christian Kielland i Kyrkjerådet i Den norske kyrkja (DNK).
Handlingsrommet avdelingsleiaren for kyrkjefag og økumenikk snakkar om, finst i Ordning for hovedgudstjeneste i DNK. Då denne sist blei justert, i 2019, låg kyrkjas alkoholpraksis fast, og lyd:
«Hvilken som helst type ren, vanlig druevin – hvit eller rød – kan brukes til nattverden. Det kan også brukes avalkoholisert vin av hvilken som helst type».
Bestill abonnement her
KJØP