Møter kyrkjeleiarar på reise i Palestina: – Folk her er skuffa over vestlege kyrkjer
KULTURUTVEKSLING: Biskop Kari Veiteberg og ei gruppe artistar og kunstnarar er på reise med Kirkelig kulturverksted i Palestina.
REISEFYLGJE: Erik Hillestad, Kari Veiteberg, Marthe Valle og Knut Reiersrud i Silwan i Aust-Jerusalem.
Jannik Abel
– Folk kjenner seg forlatne og ikkje sett av den vestlege verda. Dei har merka eit stemningsskifte i Vesten der det som skjedde 7. oktober har bidrege til å redusere støtta til palestinarar generelt.
– Det blir ei kollektiv avstraffing av folk, og det synest både menneske her og eg er djupt urettferdig. Dei seier dei gjerne vil at me skal formidle det me ser og opplever her i vårt land.
Det seier Erik Hillestad, dagleg leiar i Kirkelig Kulturverksted (KKV), på telefon frå Jerusalem.