Mista mor i kreft – trur Gud er god likevel

Allereie dagen etter moras gravferd, trengte tenårige Rebekah Louise Pettersen (27) å føle «behaget i å slå tilbake» mot Gud. No lærer ho unge om korleis smerte kan vere ei velsigning.

Rebekah Pettersen på UL.
KRISE: – Eg blei oppslukt i spørsmålet om Guds godheit. Det blei den store krisa, og det store spørsmålet for meg, sier Rebekah Pettersen på UL.
Publisert Sist oppdatert

Da Rebekah Louise Pettersen var fjorten år, døydde mora hennar. Med dette gjekk også gudsbiletet hennar sund. Ho hadde vore sikker på at mora skulle bli lækt frå kreftsjukdomen.

– Eg blei oppslukt av spørsmålet om Guds godheit. Det blei den store krisa, og det store spørsmålet for meg. For eg kunne ikkje forstå korleis han kunne la mamma døy, ho som var ein ihuga etterfølgjar av han, pappa si kone og mor til fire barn. Eg var sint og skuffa over korleis livet hadde blitt.

Tapet av mora sende Pettersen ned i ein mørk spiral av utagerande oppførsel, til stor bekymring for far hennar.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS