Misjonskirken diskuterer likekjønna samliv - dette kan bli utfallet
KRAGERØ: Leiarar i Misjonskirken Norge er samla og har mellom anna diskutert samlivsspørsmål. To modellar har blitt presentert.
DISKUTERER SAMLIV: Generalsekretær Siri Iversen har vore på Pastor -og medarbeiderforeningen i misjonskyrkja sitt vintermøte. Her har ein mellom anna diskutert om personar som lever i eit likekjønna samliv kan bli medlemmar.
Giulia Troisi
– Det er ein debatt om medlemskriterium. Misjonskyrkja ynskjer å vera bibeltru, samstundes som me ynskjer å vera inkluderande i møte med våre medmenneske.
Det seier pastor i Stavanger Misjonskirke, Sten Sørensen, til Vårt Land.
Han er ein av rundt 120 leiarar som på tysdag har diskutert korleis ein skal møte og inkludere menneske som lever i likekjønna samliv i Misjonskirken Norge.